KURS FOR KURSLEIARAR I FAIR FORSKINGSDATAKURATERING

You are here

20 Jan 2020

KURS FOR KURSLEIARAR I FAIR FORSKINGSDATAKURATERING

 

RDA i Noreg og UiT Noregs arktiske universitet skal arrangera eit kurs for kursleiarar i FAIR forskingsdatakuratering.

Dato: 20.-21. januar 2020
Stad: UiT, Universitetsbiblioteket, Tromsø, UB-auditoriet (Google-kart, detaljert kart)

 

KURSINNHALD

Kurset skal gje deltakarane opplæring i fire sentrale område innanfor handtering og kuratering av forskingsdata: dokumentasjon og metadata, filorganisering og format, opphavsrett og eigarskap og lisensar.

Kurset er retta mot personar som jobbar med forskingsstøtte på norske forskingsinstitusjonar. Det vil bli lagt mest vekt på data som kan gjerast ope tilgjengelege. (RDA i Noreg kjem til å arrangera fleire kurs i forskingsdatahandtering, som skal handla om andre tema, t.d. handtering av personidentifiserande og sensitive data.) Vidare vil fokuset liggja på data frå forskarar som høyrer til den såkalla lange halen (long tail), altså mindre og mellomstore datasett. Kurset legg altså ikkje vekt på store data frå forskingsprosjekt som har tilgang til omfattande forskingsinfrastruktur.

 

PROGRAM
(med atterhald om endringar)

Måndag 20. januar

10:30-11:00

Registrering og kaffi/te

11:00-11:05

Velkomst og opning v/Johanne Raade (UiT)

11:05-11:30

Introduksjon til workshopen, RDA i Noreg, FAIR-prinsippa og forskingsdatakuratering v/Philipp Conzett (UiT)

11:30-12:15

Dokumentasjon og metadata – del 1: Generiske metadata (gjenfinning m.m.) v/Iris Alfredsson (SND)

12:15-13:00

Lunsj (vrimleområde, ned trappa og til venstre, kart)

13:00-13:45

Gruppearbeid (oversikt over gruppeinndeling)

13:45-14:30

Oppsummering og diskusjon av gruppearbeid

14:30-15:00

Pause med kaffi/te

15:00-15:45

Dokumentasjon og metadata – del 2: Fagspesifikke metadata og dokumentasjon (t.d. ReadMe-fil, proveniens, m.m.) v/Iris Alfredsson (SND)

  • Innleiing om dokumentasjon (t.d ReadMe-fil) og om dokumentasjon og metadata innanfor samfunnsvitskap v/Iris Alfredsson (SND) – 20 min.
  • Dokumentasjon og metadata innanfor livsvitskap v/Erik Hjerde (UiT/ELIXIR) – 15 min.
  • Dokumentasjon og metadata innanfor språkvitskap v/Philipp Conzett (UiT/CLARIN) – 10 min.

15:45-16:30

Gruppearbeid (oversikt over gruppeinndeling)

16:30-16:45

Pause

16:45-17:30

Oppsummering og diskusjon av gruppearbeid

19:00-

Konferansemiddag på Kystens Mathus / Skirri (kart)

 

Tysdag 21. januar

08:30-09:00

Kaffi/te

09:00-09:45

Filorganisering og filformat (arkivverdige format, konvertering m.m.) v/Philipp Conzett (UiT)

09:45-10:45

Gruppearbeid (oversikt over gruppeinndeling)

10:45-11:00

Pause

11:00-11:45

Oppsummering og diskusjon av gruppearbeid

11:45-12:30

Lunsj (vrimleområde, ned trappa og til venstre, kart)

12:30-13:00

Opphavsrett og eigarskap v/Olav Torvund (UiO)

13:00-13:30

Lisensar v/Aysa Ekanger (UiT)

13:30-14:15

Gruppearbeid (oversikt over gruppeinndeling)

14:15-14:45

Pause med kaffi/te

14:45-15:30

Oppsummering og diskusjon av gruppearbeid

15:30-15:45

Avslutting

 

KURSAVGIFT OG KONFERANSEMIDDAG
Kursavgift: (kr. 360,- + 25 % mva. =) kr. 450,-. Kursavgifta dekkjer lunsj og kaffi/te i pausar på begge dagane.

Konferansemiddag: (kr. 428,- + 25 % mva. =) kr. 535,-. Konferansemiddagen inkluderer hovudrett og dessert med kaffi/te. Det blir servert vatn til maten. Annan drikke kan kjøpast individuelt.

 

PÅMELDING

>>> Påmeldingsfristen er gått ut.

--------------------------------------------------------------------------

Påmelding til kurset opnar på tysdag 22. oktober 2019 og skjer via dette påmeldingsskjemaet.

Påmeldingsfristen er 6. januar 2020. Det er sett eit tak på tal på deltakarar, dvs. at kurset kan bli fullteikna før utgangen av påmeldingsfristen. I så fall vil det vera mogleg å skriva seg på ei venteliste.

NB! Kursavgift og avgift for ev. konferansemiddag vil bli fakturert etter kurset. Du kan melda deg av kurset fram til påmeldingsfristen 6. januar 2020, og vil då ikkje bli fakturert noka avgift. Melder du deg av etter 6. januar 2020, vil du bli fakturert for heile beløpet.

Før du fyller ut påmeldingsskjemaet, bør du avklara med institusjonen din om faktura skal sendast til deg personleg eller til institusjonen. I begge tilfella bør du ha fakturadresse (inkl. e-postadresse) klar ved påmelding.

Deltakarliste
 

PRAKTISK INFORMASJON

Tromsø er eit populært reisemål også i mørketida og nordlyssesongen, så det kan vera lurt å vera tidleg ute med å bestilla reise og overnatting når du har fått meldt deg på kurset.

  • Ta med datamaskin!
  • Lokal transport:
    Buss:
    Frå flyplassen til sentrum: Flybussen går frå rett utanfor utgangen på flyplassen. Betaling: Kreditt-/bankkort (Visa og Mastercard) eller norske kontantar.
    - Frå flyplassen til UiT: Nokre avgangar med flybussen går frå flyplassen til UiT/UNN (sjekk her). Elles går det vanleg bybuss frå andre sida av vegen ca. 100 m. nedanfor flyplassen. Ta rute 40 eller 42 til Giæverbukta. Byt til rute 33 til UNN/UiT. Gå av på haldeplassen "UiT". Betaling: Mobilett (http://mobilletten.no/) eller norske kontantar.
    - Frå sentrum til UiT: Ta rute nr. 20, 21 eller 34 til UNN/UiT frå haldeplass F4 i Fredrik Langes gate (kart). Gå av på haldeplassen "UiT". Betaling: Mobilett (http://mobilletten.no/) eller norske kontantar.
    Drosje: Tromsø Taxi og Din Taxi
  • Kurslokale:
    UiT Noregs arktiske universitet, Kultur- og samfunnsfagbibliotek, UB-auditoriet (UB 132); sjå Google-kart og detaljert kart).
  • Internettilgang:
    Trådlaust nettverk er tilgjengeleg på heile universitetsområdet. Du kan anten bruka Eduroam eller gjestenettverket "uit-conference" (passordet vil bli delt med deltakarane).
  • Kursmiddagen:
    Kystens Mathus / Skirri, Stortorget 1 (kart)

Har du spørsmål kring kurset, ta kontakt med arrangørane på research-data@support.uit.no.

Arrangementskomiteen:

  • Philipp Conzett
  • Leif Longva
  • Helene N. Andreassen
  • Lars Figenschou
  • Niels Cadée
  • Vibeke Bårnes

Alle frå Universitetsbiblioteket, UiT Noregs arktiske universitet

Dette arrangementet er del av UiT FAIR Research Data Week 2020.

.